Lad alkoholen stå i julen.


Leder fra DagenMagazinet.no
18. december 2008.

Alkoholfri julefeiring.

Det skulle vera unødvendig å skriva det, men vi skriv det likevel:
For kristne burde det vera sjølvsagt med ei alkoholfri julefeiring. Der det er barn til stades bør det vera sjølvsagt for alle ansvarlege menneske.

Vi er glade for at fleire har sett søkjelyset på alkohol og julefeiring, og vist at det ikkje er ein god kombinasjon. Det beste er om folk er totalt fråhaldande heile året, men om ein ikkje er det, er det likevel nokre livsområde som bør vera freda i høve til alkohol. Julefeiringa er definitivt eit av desse.

I det heile må det leggjast til rette for at born vert skjerma frå vaksne sin alkoholbruk. Då tenkjer vi ikkje berre på fyll eller openbert alkoholmisbruk, men på all bruk av alkohol.

Born reagerer svært snart og sterkt når vaksne drikk, og særleg når det gjeld foreldre eller andre som står barnet nær. Born er svært vare for endringar i vaksne — særleg foreldra — sin måte å oppføra seg på. Unaturlege endringar av oppførsel gjer borna utrygge.

I solidaritet med borna, dei svakast blant oss, bør alle avstå frå alkohol. - Læs her.